Nyhetsarkiv

Kilde: Hallingdølen, Torunn Akersveen Lied (08.11.2015)

SAKNA TURGÅAR ER FUNNEN

Kvinna som gjekk seg vill i Skarsdalen i Flå laurdag er sundag morgon funnen i god behald.

Ei kvinne i 50-åra frå Bærum er komen til rette etter å ha vore sakna sidan laurdag kveld. Ho vart funnen av eit Sea King-helikopter rundt klokka halv ti sundag morgon og skal vere i god behald.

– Me veit ikkje kor ho har opphalde seg i natt, seier Stig Væråmoen, seksjonsleiar på Nordre Buskerud politidistrikts operasjonssentral.

Kvinna er på ei hytte i Skarsdalen i Flå saman med familien og gjekk ut til fots ifølgje med ein hund laurdag klokka 12. Planen var ein liten dagstur på tre timar, men då kvinna klokka 16 var i kontakt med familien siste gong fortalde ho at ho hadde gått seg bort. Politiet sette umiddelbart i gong leiteaksjon då ektemannen melde kvinna sakna klokka 18.

I natt har mannskap frå Nes, Flå, Gol, Krødsherad og Ringerike Røde Kors samt Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp søkt etter kvinna i terrenget. Luftsøk med Sea King-helikopter vart avbrote laurdag kveld grunna vêrsituasjonen.

Sundag morgon var vêrforholda betre, og eit Sea King frå Rygge og eit politihelikopter vart sett inn i søket då politiet trappa opp leiteaksjonen. Eit mannskap på 20 søkte vidare på bakken.

– Kvinna vart funnen av Sea King-helikopteret etter ei dryg times søk. Ho stod på bakken og vinka, seier Væråmoen i politiet.

Funnstaden var Brunbakkvatnet, rundt seks kilometer aust for der kvinna hadde starta turen.

Foto Bjørn Axel Gran

09.10.2015

KRIGSMINNEMERKER I NÆRHETEN

Det er flere krigsminnemerker i nærområdet vårt i tillegg til det ved stien til Harehopp.

Fint om hyttefolket tar bilde av de andre minnesmerkene i området slik at vi får samlet dem her på sidene.

I forbindelse med at det er 70 år siden krigen sluttet, ble Heimefrontstyrkenes innsats i base Elg markert i Bjørke i Vassfaret lørdag 29. august.

Send bilde til og hvor det er tatt til post@skarsdalenvel.net.

Base Elg

Base Elg Elg var en av basene som Milorg opprettet høsten 1944 i forbindelse med frigjøringen av Norge.

Elg hadde hovedkvarter i Bjørke i Vassfaret. Sjefen for basen ble major Paul M. Strande.

Basen hadde fire underavdelinger: BA 1 som lå på Auståsen i Buvassfaret og hadde kvarter på Nystøl, BA 2 lå i Ådalsfjellene, BA 3 lå inne i Hedalsvassfaret, som er navnet som ble brukt på Vassfaret og BA 4 lå nord for Eggedal.

Totalt blir det sluppet 75 flylaster med våpen og forsyninger til disse avdelingene. 40 av disse lastene ble sluppet i Hedalsvassfaret. De andre avdelingene håndterte resten. På slutten av krigen hadde base Elg en styrke på 800 mann og et lager av materiell og våpen for 2500 mann.

02.04.2016

Påsken er over, det er stille i dalen, solen skinner, og reinsflokken inntar Damtjernhallin.

Mose på snøfrie områder er snadder for disse vakre dyrene.

Simlene har gevir på denne tiden av året, det er viktig for å bli dominante i matfatet og forsvare seg. Hun feller geviret etter kalving i mai/juni. Hannene felte sine etter brunsten i november/desember.

Les hva sjefsjeteren sier om radiomerking, bjeller, ørn og hyttefolket:

2016 Rein Damtjernhallin.pdf